«Meir er meir»

Ein alien invasjon, som kjem med nytt liv. Om det umoglege teateret til Vinge/Müller

Av Thomas Oberender

Oversett av Edy Poppy

Ibsen-framsyningane til Vegard Vinge, Ida Müller og teamet deira, liknar ei forståing i sakte film. I staden for å lage ein kompakt, nedkorta versjon, utfoldar framsyningane deira teksten i ein maraton. Kvar einaste kveld Ibsen-framsyningane deira blir vist, ser ein andre scener, scenografiar, kostymer, filmar og songar, alt øvd og førebudd på bakgrunn av eit verk som er titals gonger lengre, der besøkande ser ulikt komponerte utdrag kvar kveld. Teateret deira omset teksten til eit allkunstverk som utviklar seg til ein installasjon, ei performance, ein film, ei teikning, ein skulptur og ei poetisk verd som er hermetisk i språket sitt, men også ømfintleg for stemninga i salen og hos teamet.

Vinge/Müller sine meditasjonar over Ibsens verk legg vekt på dei minste ledsetningane i dialogane hans. Enkelte setningar og ord i stykket blir handterte av kunstnarane som liner i eit dikt, dei blir gjentekne om og om att i framsyninga, heilt til dei talar for seg sjølve. Kvart skritt karakterane tar på scena, kvar gong ei dør blir opna, blir det lydlagt live. Teksten kjem ikkje ut av munnane til aktørane, han er spelt inn på førehand. Det ekstremt kunstige i teateruniverset deira, skaper overraskande nok eit møte med noko svært ekte. Det som er å sjå på scena, er det det er, og det har eit solid nærvær av konkrete ting, kroppar, song, piss, ein gravemaskin, hestar eller tre.

Ibsen viste fram menneska på scena med ein ny realisme. Det ekstremt kunstige, slik stykka hans viser, er det som ser ut som dagleglivet sjølv. Den dag i dag gløymer vi framleis denne kunstigheita når vi ser på film. Denne realismen frå kvardagsspråket og sosialt kjennelege situasjonar, var Ibsens måte å skape scenisk røyndom på. Vinge / Müller gjer det same på ein heilt annan måte. Dei viser fram at denne verda er laga, ikkje i Brechts forstand, men heller som ei utstilling av kunstnariske gjenstandar, som per se er kunstige og ikkje imiterer noko, men minner om mykje. Dette er deira måte å handtere teaterets «som om» på.

Ibsen var ein skandale-dramatikar. Kvart einaste av hans fotografisk-realistiske stykke byggjer på at karakterane og publikum konfronterast med eit sjokk, som, slik som i stykka til Jon Fosse i dag, ofte kjem fram mellom orda og setningane. Stykka hans er tvangs-apparat som avslører dei valdelege strukturane innanfor det borgarlege samfunnet og viser at kulturen stadig gjenskapar seg sjølv gjennom dei. Ibsen viste fram nærværet av ei vald som ikledde seg framtoninga og forteljinga til det gode, det absolutte, det vakre, det sanne eller suksess, noko som førte enkeltpersonar til å ta ekstreme avgjersler. Gründertiden-forfattaren Ibsen ser også at denne valda ikkje er individuell, men djupt forbunden med kapitalens, rettens og kjønnas orden. Denne underliggjande ordenen får eit ansikt gjennom karakterane i dramaa hans. Stykka hans er ikkje kapitalismekritiske i dagens forstand, men oppmerksame på kvar form for vald som kulturen er bygd på. Den ser alltid ut til å vere på humanismens side, men Ibsen såg det annleis.